Fordypning: Grønn liturgi - skisser til ein økologisk gudsteneste-teologi Skriv ut

Fordypningsartikkelen til samlingen "Grønn gudstjeneste" er skrevet av domprost Øystein Bjørdal. En tidligere utgave er tidligere publisert i Hans Jûrgen Schorres Grønn postill

Av Øystein Bjørdal

Kunnskapens tre – det første alter

I Første Moseboks andre kapittel les vi ei skildring av skapinga som skjerpar sansane våre for detaljane i skaparveret. Det går tydeleg fram at det er ei skaping frå den store tomleiken, frå ingenting (ex nihilo).

Men i denne andre skapingshistoria i Bibelen er jorda ikkje berre ”aude og tom”, slik det står i den første skapingsforteljinga i det første kapitlet. I denne samanhengen høyrer vi at det fanst ”ikkje ein busk på jorda, og endå hadde ikkje eit grønt strå runne” (2,5). Grunnen til denne talande tomleiken var simpelthen at det ikkje hadde regna på jorda og at det ikkje var noko menneske til å dyrke den.

Så skjer det: …”ei kjelde braut fram or jorda og vatna heile marka” (2,6). Og då kan livet take til, også for mennesket. Legg merke til kor fundamentalt vatnet er i skapinga, både den opprinnelege og i den vedvarande skapingsprosessen. Alt liv går ut ifrå vatnet, og her er vi bokstaveleg tala ved ei gudstenesteleg kjelde. Vatnet gir liv, det rensar, forvandlar og fornyar, det leskar og styrkjer kroppen. Vatnet fekk soleis ei sakral betydning både i den gamle og den nye pakt. I Guds frelseshistorie blir vatnet eit middel som Gud brukar for å fremje sitt verk på jorda. – Også i andre religionar spelar vatnet ei stor rolle, og tidvis kan vi til dømes sjå korleis tusenvis av pilegrimar valfartar til dei heilage elvane i verda. Til dømes har hinduar i India til bestemte tider sine tradisjonelle reinsingsritual i elva Ganges.

I den første bibelske skapingshistoria er vatnet der allereide før skapinga sine sju dagar. Urhavet er det svangre landskapet som skapinga stig ut av. Med eit vakkert og underleg bilde vert det sagt noko om Guds Ånd og vatnet som berre er der, før alt det andre skjer i skapinga sin kronologi. Mørket låg over havdjupet, står det, og Guds Ånd svevde over vatnet. Edvard Hoem syng om det same i  skapingshymna ”Når heile verda syng mot Gud” (Salmer 1997: nr. 45):

Dei mørke vatna opnar seg
der Herrens Ande sviv.
På Herrens ord kjem lys og liv.
Halleluja, halleluja, halleluja!

At vatnet slik sett får avgjerande betydning både i den gamle og den nye pakts gudsteneste, er både naturleg og forståeleg. Det får ikkje berre sakral dignitet, det får sakramental betydning, eit middel som Gud brukar for å fremje sitt frelsesverk mellom menneska. Men før vi går inn på fleire detaljar i forholdet mellom liturgi og økologi, så lat oss igjen gå inn i Guds hage og sjå litt nærare på kva som skjedde mellom Skaperen, skaperverket og Gud.

I Edens hage, som vi etter den greske omsetjinga har kalla for paradiset, finn vi elva som har sitt opphav i paradiset, og som går ut ifrå Eden. Den vatnar alle hagevekstane og deler seg så i fire greiner som renn ut i verda. Hagen er full av vakre tre med gode frukter som mennesket kan spise av til livets opphald. Og midt i hagen er det to tre som merkar seg ut, livets tre og treet som gir kunnskap om godt og vondt. Ved dette treet gir Gud eit særleg bud til menneska:

”Treet som gjev kunnskap om godt og vondt, det må du ikkje ete av, for den dagen du et av det, skal du døy” (2,17). Her set Gud ei tydeleg grense for menneskelivet og bed oss om å lyde Guds bud. Men treet er innbydande og freistande. Ikkje berre er det særleg vakkert å sjå på og godt å spise av – eit herleg tre, står det; det kunne også gi mennesket ei innsikt som berre tilkom Gud.

I denne hendinga møter vi den fundamentale freistinga til alle tider, at mennesket vil ta Guds plass. Men Gud har sett oss menneske til å vere forvaltarar, medarbeidarar og tenarar, ikkje til å herske  og take oss til rette og øyde livet og naturen. Det er i denne samanheng interessant å sjå korleis Martin Luther reflekterer over kunnskapens tre. Han talar om treet som kunne ha blitt det første alter der mennesket bøygde seg for den heilage Gud for å tilbe og ære han som skapinga sin Herre.

Slik gjekk det ikkje og syndefallets konsekvenser lever vi under dagleg. Men det er spennande å merke seg treets kultiske betydning heilt ifrå skapinga av. Ved kunnskapens tre vart mennesket freista og lurt av Den vonde i ein slanges skapnad. Mennesket vart redd og prøvde å skjule sin avslørte nakenskap. Det gjer ikkje gudstenesta sine kategorier mindre viktige og nødvendige. Og når Gud også etter syndefallet er skapinga og livets Gud, så er det desto større grunn – både med syndsvedkjenning og trua si tilbeding – å feire gudsteneste til helse og frelse for mennesket. For Gud vil nærleik og relasjon til livet og menneska. Også i syndefallet ropar Gud til mennesket: ”Adam, kvar er du?” Det er eit kall om at mennesket må bli ståande i relasjon til sin skapar, eit kall om å kome inn i ein gudstenesterelasjon til livets Herre.

Kunnskapens tre – det første alter!? Sidan skapinga har treet fått ein symbolkarakter med stadig større betydning både i kulturhistoria og i den bibelske åpenberringshistoria. Livets tre rammar på ein måte inn den bibelske historia med sin markante plass i urhistoria, og med det frodige bildet i apokalypsen av livets tre midt mellom byens gate og livets vatten, ”fritt til begge sider. Det bærer frukt tolv gongar og gir si frukt kvar månad. Og blada på treet er til legedom for folka” (Joh åp 22,2). Det er som om vi her høyrer eit ekko frå skapingsforteljinga om paradiset.

Eit anna symbol som har med treet å gjere, og som har fulgt den kristne kyrkja overalt på jorda, er korsets tre. I antikken var det eit velkjent døds- og avrettingssymbol. I Det nye testamente er det også omtalt som ”forbanningstreet” der Kristus heng, men som då også er eit forsonings- og frelsesteikn (Gal 3,13; Kol 2,14; 1 Pet 2,24). Apostelen Paulus talar då også om korset som eit sigersteikn (Kol 2,15).

Også i norrøn mytologi har treet ein sentral plass. Verdenstreet Yggdrasil veks frå jorda og heilt inn i himmelen. Treets konkrete, fysiske liv veks ut av jorda og slår djupe røter nedover, samstundes som det strekk seg oppover mot lyset og himmelen og breier greinene sine utover jorda. Yggdrasil er sjølve livstreet som får mytologisk karakter i sagalitteraturen (Edda-kvada) og blir eit bilde på den åndelege røyndomen der himmel og jord, ånd og materie, tid og eve, blir vevd i kvarandre.

Men dette bildet er ikkje berre idyllisk og harmoniserande. Treet var eviggrønt, men var heile tida truga av hjortane som spiste lauvet av treet og ormar som truga rota. Treet stod altså i ein livskamp mot dødskreftene og kaoskreftene i naturen. – I fleire oldkyrkjelige billedframstillingar kan vi også finne eksempel på at livstreet og korstreet vekst saman. Det breier seg utover jorda og  flettar menneska inn i den store skapingsamanhengen til ein livsbejaande bodskap om Kristi kamp med og siger over dødskreftene. Slik er det til dømes framstilt i den store mosaikken i apsiden i ei av dei eldste kyrkjene som framleis er synleg for oss, i San Clemente, Roma, frå første halvdel av 300-talet.


The Man who planted Hope…

For nokre år sidan kom eg over ei lita bok i USA, utgitt på forlaget ”Friends of the Nature”. Boka som bar den talande tittelen ”The Man who plantet Hope and grew Happiness” var skreven av den italienske journalisten Giono og handlar om ei reise han gjorde i dei syd-franske alpane rett etter første verdskrigen. Han gjekk i dagevis åleine i aude fjellandskap. Ein dag fekk han sjå noko som likna på eit menneske langt der framme. Der møtte han Buffier, hovedpersonen, som hadde trekt seg tilbake til einsemda i fjellet. Buffier hadde mist kona si under krigen og sørga over tapet av sin kjære medvandrar i livet. No hadde han gått slik åleine i fleire år og mista evnen til å tale. Møtet mellom Giono og Buffier er skildra som eit taust og sterkt møte. Giono blir beden inn til Buffier, til seng og mat i det vesle steinhuset. Til dagleg var Buffier oppteken med å plante tre. Giono fortel at han etter to-tre dagar tok eit bevega farvel med Buffier, og vandra vidare. Mange år seinare, då den andre verdskrigen var over, kom han til å tenkje på denne hendinga og fekk lyst til drage tilbake til dette landskapet. Då møtte han fruktene av Buffier sitt arbeid. Trea hadde vekst seg store og trekt til seg vatten. Slik var det blitt skog og liv i det aude landskapet, og no hadde menneska bygd hus og flytta til fjell-bygda. Buffier sjølv låg på alders-heimen nede i dalen og Giono fortel om eit bevega møte med den gamle, døyande mannen. Det hadde vekst etter han. Han planta håp og dyrka fram glede, takksemd og liv for dei som kjem etter. Dei såre kjenslene vart til liv. Buffier takka Gud og kjende seg velsigna, fortel Giono i denne vesle perla av ei livsforteljing.
 
At vatnet og treet har den største betydning for den økologiske balansen er omfattande dokumentert, ikkje minst dei siste tiåra. Kanskje kan vår pietet og vår takksemd for denne delen av Guds skaparverk få meir åndskraft i seg når vi ser og skjønar den store betydning vatnet, vintreet, korstreet og livsens tre også har i eit gudstenesteleg perspektiv. Gudstenestelivet og fornyinga av det må take til med kvardagen. Det er dei enkle, grunnleggande livsvilkåra og livsrelasjonane i kvardagen Gud er i og gir meining til. Då treng vi også ein kviledag, ei helg og ei høgtid, der vi på ein særleg måte blir møtt av Gud og kan få takke Gud og ta imot sakramenta, og tene Han med felles bøn og lovsong. Kristin Solli Schøien sa det i klartekst då ho vart intervjua om julefeiring og juletradisjonar for nokre år sidan. Ho fortalde om baking og pynting, om symbol og kvardagsarbeid for å førebu høgtida. På spørsmål frå journalisten om korleis ho brukte adventstida og førebudde seg sjølv til julehøgtida svarte ho – fritt gjengjeve – at dersom ikkje det var bra nok det arbeidet ho heldt på med der ho ”bakte” og ”vevde” julebodskapen inn i dei praktiske, konkrete førebuingane, så kunne det vere det same med heile greia. – Skaparverket er Guds verk. Gud har stige ned og blitt inkarnert, som ein av oss. Og endå om Kristus er høgt opphøgd og sit ved Faderens høgre side i himmelen, så er lovnadane i evangeliet knytta til materielle handlingar og hendingar. Evangeliet er alltid synleg, på ein eller annan måte.


Gudsteneste i ope landskap...

Fleire av dei finaste gudstenesteopplevingar eg kan tenkje på har vore i ope landskap, i naturen, meir og mindre under open himmel. Eg tenkjer ikkje først og fremst på turar i fjell og ved fjord, endå det kan vere så fornyande og berikande både for kropp og sjel. For mange er slike vandringar også store gudsteneste-erfaringar, ikkje minst i samband med pilegrimsvandringar, som for mange har gitt ein ny dimensjon til gudstenestefeiringa. Men det eg først og fremst tenkjer på i denne samanheng er opplevingar av å feire gudsteneste med kyrkjelyden ute i det fri, på gamle kyrkjetomter eller sentrale plassar i byen, på torget, i parken, på ei øy eller liknande. Dette er ikkje det normale, men det er viktig fordi det ekstraordinære kan gi nye perspektiv og innspel til det vanlege, til den gudstenestefeiringa som skjer innanfor muranane eller kyrkjeveggane. Det å tenkje tynne flater og transparante veggar mellom dei indre og ytre rom i kyrkja sitt liv i verda og i våre eigne liv, er både inspirerande og utfordrande. Dette er også eit av dei gode poenga ved pilegrimsvandringa og gudstenester underveis - den indre og den ytre reisa blir ei og den same. Den åndelege røyndomen og den veg vi må gå på denne jorda treng kvarandre, og dei vil gi meining til kvarandre.

Det er sjølvsagt nødvendig med rom som vernar mot vér og vind, mot for sterk sol, og mot regn og snø. Men ein skal også vere varsam med lukka rom og tjukke murar. Dei første kyrkjene som vart bygde på 300-talet var mykje inspirerte av den keisarlege basilika-stilen med sin langkyrkjelege makt-struktur. Men leitar vi etter i gudstenesta sine røtter, finn vi mykje spennande i ope landskap. Ei av dei første omtalene i Bibelen av ein slik gudstenestestad ute i naturen kan vi lese om i 1 Mos 28, i forteljinga om Jakob som la ut på si vandring og som vart trøytt om kvelden. Då tok han ein stein til kvile for hovudet og la seg til å sove under open himmel, og han drøymde om himmelstigen og englane som stig opp og ned. Og då Jakob vakna av søvnen kjende han sterkt på Guds heilage nærver. Han kjende tydeleg at dette var tid og stad for gudsteneste og tilbeding, og så helte han olje over steinen og vigsla staden til alter for Gud. Olje var eit vanleg middel for å synlegggjere at noko eller nokon er innvigd til Gud. Som regel galdt det menneske, men det kunne også vere ting, slik som i denne teksta der steinen blir vigsla til eit alter for Gud. Slik vart denne staden kalla for Guds Hus - Betel.
”I Betel fann Jakob då kvelden vart sein,
til kvile for hovud den livlause stein.
Og steinen vart altar, Gud levande nær,
og dører var opna, Guds heilagdom kjær”.
                                                                        (Salmer 1997: nr.45,2)

Frå denne omtalen av av gudstenesta sin ”toveis-trafikk”, frå Gud til mennesket og frå mennesket til Gud, har Landstad også funne inspirasjon til sin velkjende kyrkje- og gudsteneste-salme:
”Her er Guds hus og himlens port
herfra det går en stige,
av ord og sakramenter gjort,
helt opp til himlens rike…”
                                                                           (Norsk Salmebok 573)

Vi vil også take med eit par eksempel frå Davids-salmane der den ville naturen og det opne landskapet syng med i den store tilbedinga. Her er skaparverket ein aktiv del av den liturgiske lovsongen til Guds ære. I Salme 98 er det brusande havet rekna med i jubelen for Gud Herren, og ”elvane skal klappa i hendene, og fjella skal jubla i kor” for Herren. I salme 148 når skaparverket si lovprising til Gud sitt klimaks i eit økologisk mylder av liv og krefter i himmelen og på jorda. Her er sol og måne og lysande stjerner med, her er eld og hagl; dei store sjødyra og alle havdjup er involverte i den grensesprengande lovsongen: ”Dei skal lova Herrens namn, for dei vart skapte då han baud. Han let dei få sin stad for alltid og gav ei lov dei ikkje bryt”.

Vi må spørje oss om naturen får vere med i lovsongen i vår tid, eller om vi flytter grenser, bryt lovene og piner og kveler livskreftene i tilveret så jubelen stilnar.  Stundom kan songen frå livet i naturen opplevast som djupe stønn og klagande uro. Høyrer vi den – naturens og skaparverkets eigen elegi over ei utvikling som er i eit bærekraftig grenseland? Vi må protestere mot dette også liturgisk, og halde fram naturens gudstenestelege kategoriar. Når forbruk og forureinga tek kvelartak og ørkenlivet breier seg skal vi likevel halde fram med å synge pilegrimssongen ”Deilig er jorden” og oratoriet ”Skapelsen” av Josef Haydn. Det kan vere mykje god protest i slik song og musikk. Og vi treng også miljø-litani og kystmesse som løftar den skjøre biologiske balansen fram for Guds ansikt og innover i våre samvet. Gudstenester i ope landskap gir oss direkte oppleving av nærkontakt mellom liturgi og økologi. Vi veit at dei første kristne samla seg i heimane, i sokalla huskyrkjer her og der. Men vi kan også lese hjå kyrkjefedrene om kyrkjelyden som samla seg til dåp der det var ei kjelde med levande, dvs. rennande vatten, ei vasskjelde, ein bekk eller ei elv. Og medan dåpskandidatane vart døypte venta kyrkjelyden på ein høveleg stad i nærleiken for å take imot dei nydøypte og gi dei del i heile gudstenestefelleskapet, med nattverdfeiringa som høgdepunktet. Det er all grunn til å la seg innspirere av liturgisk nærleik til naturen. Den første gudstenestefeiringa på norsk jord, som vi har skriftlege kjelder om frå Saga-litteraturen, fann då også stad i eit lite telt i strandkanten eller fjøresteinane på Moster, våren 995. Her heiter det at dei song messe på denne staden. Det var Olav Trygvason som stod for denne gudstenesta i ope landskap, godt hjelpt av engelske misjonærar til Norge.


Liturgien auser av skaparverket og inkarnasjonens kilder

Skaparverket er Guds verk, og det er viktig og meiningsfullt i seg sjølv. Det er ikkje berre noko mellombels som ein dag skal erstattast av noko anna, noko ”reint åndeleg”. Både Det gamle testamente og Det nye testamente er rike på bilder, forteljingar og hendingar som dokumenterar tilhøvet mellom Gud og Guds skaparverk. Det som er spesielt betydningsfullt i høve til liturgi og gudstenesteforståing, er at Gud har knytta si frelsesformidling til skaparverket. Bibelske tankar om forsoning og forløysing er ikkje distansering eller flukt frå skaparverket, men snarare eit fokus på Guds meining med skapinga. Til forskjell frå den reformerte tradisjon understrekar lutherdomen at Guds frelse må formidlast gjennom ganske enkle og ytre, konkrete forhold. Det handlar om menneske som er sette inn i ei teneste med å forkynne evangeliet, forvalte sakramenta, kalle og formane til tru og omvending. Etter reformert tradisjon kan ikkje ytre, avgrensa/finitte ting eller forhold romme eller formidle evige, infinitte verdiar (Calvin: Finitum non capax infinitum). Det forrige hundreårets store reformerte teolog, Karl Barth, uttrykker det slik at evangeliet og forsoninga kjem direkte ovanifrå (senkrecht von Oben). Den lutherske tradisjonen understrekar derimot at Gud vart menneske i Jesus Kristus og at han innstifta både eit bad og eit måltid for å formidle evige verdiar. Luther seier beint fram at det vi kan sjå med vårt indre auge, med trua sine auge, det kan vi vel også sjå med våre ytre auge. Eller sagt på ein annan måte: Utan Kristi fødsel og kjøtspåtaking, inga forsoning. Kristi synlege, menneskelege natur er ifølgje Hebrearbrevet ein føresetnad for den kamp Kristus vann for oss over døden og djevelen: "Sidan borna er menneske av kjøt og blod, måtte han og verte menneske som dei..."(Hebr 2,14).

På denne måten har Gud gitt menneskelivet og menneskeverdet ein eineståande plass i skaparverket. Gud vart menneske, han tok kjøt og blod på seg for at vi menneske, som er av kjøt og blod, gjennom hans liv skulle få del i guddommeleg liv. Inkarnasjonen er fundamental for forståinga av skaping og atterløysing i bibelsk teologi. Den er høgdepunktet i den frelseshistoria som kjem til oss i kroppsleg, fysisk form i Jesu Kristi liv og gjerning. Slik sett er også inkarnasjonen grunnkjelda til feiringa av Ordet som vart menneske og Sakramenta som Kristus innstifta. Den kristne gudstenesta kan ein på denne måten tenkje seg som ein vedvarande respons på inkarnasjonen. På denne måten bør då også den kristne gudstenesta ha den djupaste meining for menneskeleg liv og drama på jorda. Opplever vi det slik i våre gudstenester? Kva må til for at liturgien skal bli endå meir eksistensiell, fylt av frelse og redning for menneska og fylt av skapingslivets drama og håp?

Jesus Kristus er Ordet, Guds logos, som vart menneske. Dette livets ord er det som søker å bli inkarnert i våre liv. Det leitar etter etter ein bustad i våre liv for at skapingslivet og frelsens frukter skal halde fram gjennom oss. Igjen ser vi kor tynne veggar det er mellom skaparverket og frelsesformidlinga. Gjennom inkarnasjonen får menneskeverdet fornya og utvida meining. Mennesket, skapt i Guds bilde, ber Guds ansikt på jorda. Og når Gud også vart menneske i Jesus Kristus er menneskelivet og menneskeverdets guddommelege opphav tydeleggjort. På denne bakgrunn kan vi seie at mennesket er prest i og for skaparverket og vi er sette til å forvalte Guds frelsesgåver. Gjennom gudstenestefeiringa blir den kristne kyrkja inkarnert til å gjere Kristi gjerningar i verda, og for å invitere menneska til å høyre, sjå og smake på frelsesgåvene. Inkarnasjonsteologien sameinar soleis guddommeleg openberring med vanleg menneskeleg liv og med ekstraordinær gudstenestefeiring, ei feiring som er innstifta som ei levande og  kontinuerleg påminning (anamnese) om Kristushendinga, inspiret av Den Heilage Ande.

Dette er også eit viktig tema for den ortodokse teologen Alexander Schmemann. Han er mykje oppteken av mennesket som skaparverket sin prest, med ansvar for forvalting både av naturen, sakramenta, livsens ord og menneskelivet. Ei av bøkene hans som har dette tema, og som også kom ut i Sverige, har tittelen ”För världens liv”. Den engelske originalutgåva har fått den økologisk tankevekkande tittelen ”The World as Sacrament”.

Hos Schmemann og i den ortodokse tradisjon generelt betyr arven frå den jødiske gudstenesta og Det gamle testamente mykje. Nærleiken til livet, jorda og landet betyr så mykje i den jødiske tradisjonen. I salme 67 (jfr. liturgien for  Morgonsong i vår Gudstenestebok) lovprisar salmisten Gud for landet som har gitt si grøde og som slik har velsigna folket. I ei av dei kjende Berakah-bønene – dei atten velsignings-bønene –  som representerer kjernebøner i den jødiske gudstenestetradisjon, heiter det: ”Velsign dette året for oss, Herre vår Gud, og lat det bere rikeleg med frukter av alle slag…Lat dogg og regn vete jorda si overflate. Velsign arbeidet av våre hender…Velsigna vere du, Herre, som velsignar åra for oss” (Bøn nr.9).  Det jødiske påskemåltidet er eit måltid for heimen og familiane, men ritualet omkring det er prega av tydelege symbolhandlingar og bøner som knyter dette måltidet nært opp til synagoge-gudstenesta og som på ein instruktiv måte illustrerer  Israels liv og historie og gjer familiane delaktige i denne historia. Etter at det første glass av vintreets frukt er velsigna og leiaren har vaska hendene som eit føredøme på reinsing før måltidet, så tek alle fram den grønne urten og dypper den i saltvatten som representerer Israels tårer under slavekåret i Egypt. Etter at den salte urten er velsigna og spist blir det usyra brødet bært inn. Det er lidelsens brød som fedrene spiste i Egyptens land og som minner dei om å vere klar til å bryte opp i hast når dødsengelen dreg forbi, før deiga har fått heve seg (jfr. 2.Mos 12,29ff.).


Offertoriet

Det er denne jødiske måltids- og bønnetradisjon som påverka og delvis prega dei første kristne bordbønene og den liturgiske førebuinga til nattverden, det som blir kalla for offertoriet. I den eldste kyrkjeordninga vi kjenner, Didache, frå overgangen til det andre hundreåret, heiter det:
Som såkornet vart spredt utover marka
og atter samla til dette eine brødet
som vi no bryt,
ber vi deg at du no samlar di kyrkje
frå jorda sine endar til ditt rike.
For riket er ditt og makta og æra
i all eve . Amen.
        
Denne bøna har vore til inspirasjon for mange andre seinare offertoriebøner i forskjellige kyrkjelege tradisjonar. Også i den nye familiemessa i Den norske kyrkja er offertoriet innført som liturgisk ledd. Etter at takkeofferet er innsamla blir det bore fram til alteret og løfta opp av eit barn/ministrant medan liturgen ber:
”Herre Gud, himmelske Far, di er jorda og det som fyller henne.
Av ditt eige gir vi deg attende. Tak imot oss og gåvene våre,
så dei kan bli til gagn for ditt rike og for vår neste, ved Jesus Kristus vår Herre”.
Etter denne bøna og kyrkjelydens svar/akklamasjon hentar to andre barn/ministrantar brød og vin  frå eit lite bord i koret eller midtgangen av kyrkja. Det blir plassert på alteret og liturgen ber følgjande bøn:
”Gode Gud, du har skapt jorda. Du gir liv til alt som lever.
Vi ber deg: Lat regnet falle og sola skine,
slik at korn og druer kan vekse og ved våre henders verk
bli til brød og vin”.

Etter offertoriebøna svarar kyrkjelyden også her med ein akklamasjon, ei tilslutning, leia av ministrantane, sungen eller lest (to alternativ: ”Du er vårt håp” eller ” Herre, vi takkar deg, Herre, vi prisar deg, Herre, vi lovsyng ditt heilage namn”.) Og så følgjer nattverdliturgien.

Dette er det første offisielle offertorium på norsk i vår evangeliske-lutherske tradisjon, og både struktur og innhald har tydeleg slektskap med dei eldste liturgiske kjeldene hos Justin (ca. 155 e. Kr.) og Hippolyt (ca.215). Vi ser ein klår samanheng mellom det vi menneske er sette til å dyrke og take vare på i skaparverket og frelsesgåvene frå Gud. Både Justin og Hippolyt fortel i detalj om korleis gåvene/takkeofferet blir samla inn og bært fram til alteret og bedt for, og om korleis noko av det blir brukt til nattverdfeiringa, medan resten blir sett til side til diakonale føremål for enker, fattige og sjuke. Det er i denne tradisjonen den romersk-katolske kyrkja utvikla ein praksis – og etterkvart ei tydeleg lære – om messeofferet. Her stod den menneskelege offerpraksis i fokus og i si mest utvikla form i messeofferet er det kyrkja og presteskapet som ofrar Kristus (som ei ublodig gjentaking av Golgata-offeret) til Gud. Det var denne messeoffer-tradisjonen Luther reagerte så sterkt imot.

For Martin Luther var det rettferdiggjeringa av tru, berre av Guds nåde, som prega all hans teologi om gudstenesta. Ordet og Sakramenta er gåver vi tek imot. Våre gjerningar kan ikkje påvirke Guds frelse eller medvirke til den. Luther tala difor konsekvent om nattverden som testament eller sakrament, men ikkje som eit offer. Likevel vil vi understreke at takkeofferet og offertoriet er i tråd med evangeliet og det forvaltaransvaret Gud har gitt til mennesket. Både dåpens bad og nattverdens måltid er innstifta av Jesus Kristus for at Kristi Kyrkje skal døype og lære og gjere folka til disiplar (Matt 28), og for at vi skal feire nattverdens gåve ofte og gjere det for å minnast Kristi frelsesgjerningar (Mark 14, jfr. 1 Kor 11). – Gud har i Kristus soleis knytta frelsesformidlinga til skaparverket. Kristi frelsesverk ved hans soningsdød på Golgata står fast ein gong for alle. Men skal frelsesgåvene formidlast vidare til nytt liv for nye generasjonar  må vatnet til dåpens heilage bad setjast fram eller renne fritt, og nattverdens brød og vin kjem ikkje til alteret av seg sjølv. Nokon må lage istand og sette det fram på alteret, og skulle ikkje desse naturens gåver som blir innstifta til sakrament og frelsesgåver, vere av reint, fint slag? Også i høgmessa sine bøner for takkeofferet kling offertorie-elementet tydeleg med: ”Av ditt eige gjev vi deg attende….Tak imot oss og vår gåver for Jesus Kristi skuld…” Det er ein udiskutabel samanheng mellom skaparverk og frelsesverk i kristen tru og praksis. Kva skal vi då tenkje om daudt, illeluktande vatten til dåpens reinsingsbad? Eller mygla vin og seige, dårlege brødstykke/oblatar som minner meir om papp enn livets brød?

Utan vingardens druer og korn frå åkrane blir det ingen nattverd med frelsens gåver. Utan vatten kan ikkje dåpens heilage bad forrettast i den treeinige Guds namn, og utan våre ord og hender som er rekte ut til omsorg og ansvar for den lidande verda blir det ikkje vist miskunn og rettferd mot dei som treng det mest. Utan vedkjenning og oppgjer inga forsoning eller absolusjon for syndene. – Så nært har Gud knytta seg til jorda og til våre liv og gode gjerningar i hans namn. Frelsa sin gåver kjem ikkje dalande til oss ovanfrå eller som ein åndeleg manifestasjon frå det ukjende. Gud har knytt sitt særlege nærvær til nådens midlar. Frelsa kjem ”nedanfrå”, frå Ordet som vart kjøt, frå stallen og krybba, frå den tome grava, frå livsens ord i Bibelen, frå livsens vatten i dåpen, og frå livsens brød i nattverden.

I Den Nordiske Kristne Buddhistmisjon brukar dei tidvis ei offertoriebøn inspirert av misjonær Ludvig Reichelts liv og teneste i Hong Kong.  I den buddhistiske tradisjon har  blomane og røykelsespinnane ein naturleg plass i det religiøse liv. Det kontekstuelle med denne offertoriebøna kjem tydeleg fram. Liturgen ber først:
”La oss bære fram våre offergaver til Herren i ærefrykt og glede:
Dette brødet, en frukt av jorden og menneskers arbeid.
Denne vinen, et tegn på glede, men også på smertens vin.
Dette vannet, et symbol på skaperkraften og dåpens tegn.
Disse blomstene, et bilde av skjønnheten og sårbarheten
til Guds skaperverk.
Denne røkelsen, et uttrykk for hele menneskehetens bønner og lengsler”.
Og til dette svarar kyrkjelyden:
”Alt kommer fra Deg.
Av ditt eget gir vi Deg tilbake, Du verdens Skaper.
Ta imot oss og våre gaver, for Jesu Kristi skyld.”

Allereide Kyrkjemøtet 1989 uttala at at det må forkynnast tydeligare for kyrkjelydene våre den nære samanhengen mellom skapararverket og Guds frelsesplan. Liturgisk sett handlar dette m.a. om offertoriets  kategoriar, men i ein vidare gudstenesteleg teologi har det som vi har sett store implikasjonar for heile Guds råd til frelse. Ifølgje Kyrkjemøtet 1989 er gudstenesta både tid og stad for tydeleggjeringa mellom skaparverket, naturen og Guds frelse:
 ”I gudstjenesten tar vi søndag etter søndag del i skaperverkets lovsang til Skaperen. I dåpens vann og nattverdens brød og vin innvies både jordens elementer, naturens frukter og våre henders arbeid til å tjene Guds frelsesplan. Dette syn på gudstjenesten må forkynnes i våre menigheter. Slik kan det vokse fram en ny kjærlighet til skaperverket med feste i troens sentrum”.


Kva kan gjerast… 

Ein ny kjærleik til skaparverket med feste i trua sitt sentrum, ønskte Kyrkjemøtet seg. Kva kan gjerast for å fremje ei slik utvikling? Her skal det berre nemnast nokre konkrete, praktiske forhold, som kan sette i gang nye prosessar i arbeidet med førebuing og gjennomføring av gudstenestene. – Det gått 12 år sidan den interessante uttalen frå Kyrkjemøtet, og det har vore viktige år i utvikliga av gudstenestelivet vårt. Truleg har det skjedd ikkje så lite i vår forståing av skaparverket si betydning for liturgi og frelsesformidling. Likevel kan og bør dette synet på gudstenesta forkynnast med meir empati og kunnskap i kyrkjelydane. Men endå viktigare trur eg det er at gudstenestene kan bli meir eksistensielle, meir levande og engasjerande for fleire menneske, ikkje minst dei unge, at vi praktiserar eit gudstenesteliv nær Gud, nær menneskelivet og nær naturen og skaparverket på same tid. – I salmar og bøner, vandring og tekstlesing, forkynning og sakramentsforvalting må folk få kjenne at dette er deira liv, at det er deira tru og gudsteneste som blir feira og at livet og naturen pustar og syng med i både alvor og fest. Pilegrimsmotivet kan vere ei god hjelp til å gå inn gudstenesta sine kategoriar langs våre livsvegar i by og på land, på fjell og ved sjø. I boka ”Kilden og veiene. En praktisk pilegrimsteologi” (Liturgisk senter/Liturgisk skriftserie nr.6) har Brita Hardeberg skreve om gudstenesteerfaringer med skuleelevar der vandring, symbolhandlingar og konkrete ting i naturen er viktige element i gudstenesta. I ei spørreundersøking 9 månader etter sjølve gudstenestedagen viser ho korleis svært mange elevar huska konkrete detaljar frå gudstenesta, og dei huska det med eit engasjement og ei innleving som ikkje var til å ta feil av. Symbola står sentralt i denne opplevinga, symbol med stor nærleik til natur og skaparverk: stav, skreppe og kappe, kvist og stein. 

For nokre år sidan skreiv Erik Hillestad ”Messe for en såret jord”. Den fortener meir merksemd. Med si klagande og lengtande form vert den såra jorda teikna for oss innanifrå. Det gir både audmjukskap og medkjensle i høve til ”moder jord”.  Men dette er ei konsert-messe, og konsertforma gjer den krevande i forhold til gjentakinga sin løyndom. Det hadde vore ei oppleving å feire den som vanleg messe, med nattverd og det som elles høyrer til. Kirkelig Kulturverksted har gitt ut ”Messe for en såret jord” på cd.

Når no familemessa blir gjort tilgjengeleg (etter at Kyrkjemøtet 1993 gjorde vedtak om ei ny nattverdordning for born), er det grunn til å tru at mange kyrkjelydar vil finne denne ordninga inspirerande for det liturgiske livet. Her er det lagt vekt på involvering og handling. Liturgien opnar med dåpsstadfesting der vatnet er med og det skal brukast aktivt og synleg. Ein ny nattverdliturgi vil truleg også gjere nattverdhøgtida enklare og meir inkluderande for fleire, både yngre og eldre. Denne gudstenesta bevegar seg i stasjonar og legg opp til at ein ikkje treng å gå til alteret før nattverdfeiringa skal førebuast og forrettast. Kanskje vil mange oppleve, slik det allereide er kome fleire meldingar om, at familiemessa også vil fungere fint som supplement til dagens høgmesse-ordning. Om vi kan sjå for oss ei slik utvikling og ei tilsvarande oppmjuking av regelverket omkring høgmessa, vil offertorieteologien og naturen og skaparverket sin plass i vår gudstenesteforståing bli styrkt.

Vidare må ein spørje seg om ikkje vår sparsommelege bruk av vatnet ved dåpshandlingane er med på å undergrave skapingselementet ved dåpen. Ofte er det diverre slik at ein lokal døypefont med eit vakkert sølvfat får meir fokus ved dåpshandlinga enn sjølve dåpen og vatnet. Her er det ikkje samsvar mellom fonten, som betyr kjelde/fontene, og det vesle ”fuglebadet” med minimalistisk bruk av vatten. Når vi dessutan har fått dåpslys med sin eige symbolkraft, skal vi vakte oss for at vatnet som primærsymbol ikkje blir endå meir usynleg. Vi treng hjelp av gode kyrkjearkitektar for å få ein tydelegare dåpspraksis med større døypefontar med meir rennande, friskt vatten. Soleis kan også perspektivet på reinsinga og dåpen som heilagt bad (jfr. Joh 3,5; Ap. Gj. 22,16;Tit 3,5-6) kome meir til sin rett. Heldigvis er det mange tegn på ei slik utvikling i fleire økumeniske miljø, både i den anglikanske, romersk-katolske og lutherske tradisjon. I Norge har vi dei seinare åra fått fleire interessante døme på døypefontar med rennande vatten plassert midt i kyrkjeskipet, t.d. Hana kirke i Sandnes og Romsås kirke i Oslo. Ski nye kirke som er tydeleg prega av vatten-symbolikk, har derimot ikkje tilsvarande fokus på døypefont og dåpsvatten.

Ser vi på nattverdfeiringa er vinens karakter eit spørsmål for seg som vi lar ligge i denne samanheng. Vi bør i alle fall ta utgangpunkt i vintreets frukter - druene - og ikkje erstatte nattverdens element med eit anna. Eit besøk på Vinmonopolets hovedanlegg i Oslo for nokre år sidan fortalde meg at den dårlegaste vinen som vart levert frå Vinmonopolet var den avalkoholiserte ”Oinos” som svært mange kyrkjelydar i Norge brukar. Her er kvaliteten på eit lavmål og vinen held seg deretter. Den myglar og beisknar fort og gir ikkje akkurat den eskjatologiske smak og oppleving som nattverden skulle ha ifølgje ein av professorane mine frå studietida. Med fokus på det økologiske kan ein gjerne orientere seg i det vesle utvalget av økologisk dyrka vinar som finst. Det er snakk om tre-fire slag som er tilgjengeleg på Vinmonopolet i Norge.

Når det gjeld brødets karakter er vi samde med dei som er spørjande til den tradisjonelle oblaten. Det beste som kan seiast om den er at den er praktisk. Om det er 50 eller 500 kommunikantar så er oblaten enkel og grei å handtere og skaffe i tilstrekkeleg antall. Den er også lett å take vare på, tek liten plass osb. På den andre sida må det innrømmast at symbolkarakteren ved måltidet blir svekka når livsens brød er blitt ein ugjenkjenneleg oblat, som tidvis kan minne om eit lita pappskive. Her er det ønskjeleg med større involvering av kyrkjelyden som kan førebu nattverd-brødet heime og kome til kyrkja med det, slik tradisjonen t.d. er i den ortodokse kyrkja. Formelt sett er det ingen bestemte klausular knytt til dette. Sjølv om den tradisjonelle oblaten frå Diakonissehusets bakeri har ein viss hevd, er kyrkjerettsleg omtale av brødet meir deskriptiv enn normativ å forstå. Oppskrifta til nattverdbrødet bør imidlertid ikkje vere tilfeldig eller for individuelt prega. Brødet må lagast slik at det ikkje smuldrar og dett frå kvarandre på uverdig vis. Pitabrødet har vore brukt av fleire som alternativ til den tradisjonelle oblaten. Andre oppskrifter finst, m.a. følgjande som er gjengitt etter Grønn Kirkebok, Kirkens Uland-informasjon 1996:

5 dl lunka vatten
50 gr. gjær
1 stor spiseskei honning
4 spiseskeier med olje
litt salt
ca. 1 kg. Kveitemjøl

Deiga skal hevast som vanleg kveitedeig. Deiga blir hard. Delast i 16 delar. Vert rulla ut som bollar, kjevla flate og heva. Steikast på 275 grader i 8 min. (gyldne). Kan frysast. NB: Bryt i små bitar.

Eit spørsmål for seg er bruken av intinksjon eller sokalla dypping. Dette er det no høve til ved særskilte høgmesser med mykje folk til stades. Det er utan tvil ei god praktisk ordning, ikkje minst knytta til stasjonar og vandring i kyrkjerommet. Den vandrande nattverdfeiringa viser seg  ofte å gjere det lettare for fleire å take del i sakramentet. Men det må truleg vurderast som ei naudordning. Det minner i alle fall lite om eit tradisjonelt måltid når ein dypper det vesle brødet i litt vin. Dessutan må vi ikkje gløyme at alterringen, slik det er i kyrkjene våre i dag, er den einaste staden der vi kan knele, og på den måten bruke kroppen aktivt i takk og tilbeding.
Vi må øve oss i å preike meir jordnært og himmelvendt på same tid. Og det må bli mindre av meiningsytringar eller historiske og sosiale analyser i preikene våre. Det høyrer meir heime i bibeltimar, foredrag, temakveldar og liknande. Preikene må vere meir munnlege og ha bilder og element som angår og utfordrar, som berører og involverar. I tråd med det sårbare livet og skaparverket bør preikene ha meir av bøn og meditasjon i seg og vere dialogiske på ein slik måte at kyrkjelyden opplever seg som medvandrarar og  kjenner seg dregen inn i bodskapen. Preika skal slik sett stige ut av den gudstenestelege heilskapen og smelte saman med liturgiens salmar og bønespråk.

Å vere liturg og leie liturgien handlar om å leve den. Det handlar om å vere i den og sjølv bli prega av den og formidle dette slik at menneske kan sjå seg sjølv utan å kjenne seg avslørt. Gudstenesteboka er ei bønebok som skal sitte meir i kropp og hjerte enn i augene og hodet til liturgen. Det er rett og godt om kyrkjelyden og den einskilde kan kjenne seg sett av Gud og velsigna av Gud til å leve med empati og protest nær kjeldene, nær Gud og nær mennesket, nær livet og skaparverket, i ein kjærleik som er sterkare enn døden.

Nidaros biskop tok for fire år sidan initiativ til eit seminar om etikk og naturforvalting. I ein hovedrapport med tittelen ”Som gjester på jorden” skriv biskop FinnWagle om ei vidare forståing av omgrepet ”forsoning” enn den tradisjonelt kristelege. I kyrkja sitt liv har det ofte vore ei nokså smal forståing av denne bibelske tanken som omfattar heilskapen i tilveret: ” Vi lever uforsonlig i forhold til Gud: I vår grenseløshet vil vi selv være som Gud. Vi lever uforsonlig i forhold til hverandre: Det gjelder ikke bare på Balkan i det tidligere Jugoslavia…Vi lever uforsonlig i forhold til skaperverket: Er det derfor vi befinner oss på kanten av en økologisk katastrofe? Vi lever uforsonlig i forhold til oss selv:…Hvem vil vedkjenne seg at aldringsprosessen går sin gang?” – Wagle sluttar sin artikkel med å sitere frå dei svenske biskopane sitt miljømanifest i 1989. Der vil vi også slutte desse tankane om ”Grønn liturgi”:
…”Å beskytte miljøet er å delta i skaperverkets gudstjeneste. Mennesket skal være forbeder for alt levende. Et gammelt bibelsk bilde uttrykker det på følgende måte: Den kristne skal være profet, konge og prest, med Kristus som forbilde, 1 Peter 2, 9-10. Vi er altså kalt til å beskytte og utvikle livet i hele dets rikdom – fysisk, psykisk og åndelig. Kampen for miljøet er til syvende og sist delaktighet i Kristi forsoningsverk. Kirken må se på seg selv som den ”sårede hjelperen”…Kirkens kamp kommer både det innerste miljøet, det åndelige, og det ytre miljøet til gode…Teologien om miljøet er uoppløselig knyttet til de mest sentrale kristne trossatsene om skapelsen, frelsen og det kommende livet. Den hviler som frøet i oppstandelsestroen, hvis blomst og frukt er Guds rikes fullendelse. Denne troen gjennomsyrer den kristne læren om sakramentene. I de to kristne grunnsakramentene, dåpen og nattverden, er materie forenet med ånd, et tegn på hvordan det burde være på jorden.” 
 

 
Design by eyego